Olberg 987 m.o.h. | Fottur

OLBERG 987 meter over havet

 

Veg opp fra Neste opp Trillebakkene (vestsida av Einangsundet) til Gamlestølane.

Avkjøring til høyre skiltet Olberg , ca. 1 km til merket parkering og traktorvei i starten, senere skiltet sti inn til høyre.
GPS UTM32N 6771652.0 496905.0
Olberg varde ligger på en åstopp på om lag 1000 m.o.h. på vestsiden av Slidrefjorden.


Trevarden (veten) på toppen er trolig fra vikingtiden da dette vardevarslingssystemet ble vanlig. Systemet ble sist brukt i 1814. Omtale fra 1700-tallet gjør det mulig å bygge opp veter som kan ligne på dem som var i bruk i middelalderen.
Veten var bygd opp rundt en stokk på ca 10 m med tørre stokker. Rundt disse ble det lagt opptenningsmateriale, og ytterst var det ett eller flere lag med reiste stokker.

Veten ble lagt på et tørt sted, av og av og til med en steinring til fundament.

Rett under Olberg ved Hamre, ligg det ei vel bevara bygdeborg frå folkevandringstida (ca år 500 etter Kr). Borga er kalla Hamrissløtet (av slott). Ca 100 m av muren mot nord er bevart. Mot sør er det eit berg som stuper rett nedi fjorden, so her var borga uinntakeleg. Slik so vart det berre muren mot nord som måtte forsvarast.. Tradisjonen seier at Valdreskongen, også kalla Hambriskongen, budde på Hambrissløtet.

Det knyter seg eit sagn til Olberg og til fortet på Hamre. Valdriskongen på Hamrisløtet og Hallingkongen låg i strid med kvarandre. Valdreskongen høyrde ein haustdag rykter om at Hallingkongen var på tur over fjellet mot Hamrissløtet, og han sende ein kar for å rekognosere. Mannen het Knut Lome. Han trefte på Hallingkongen og hæren hans på Dinglo.
Knut var ein initiativrik og smart kar so han let seg ta til fange. Og då Hallingkongen truga han til å vise seg vegen til Hamrissløte, greidde valdrisen å overtyde kongen om at han burde vente til det vart myrkt, slik at han lettare kunne overraske Valdreskongen. Han kunne ri føre med ein fakkel beinvegen over Olberg, som han sa. Slik vart det. Og då dei kom ut mot stupet på sørsida, la valdrisen av garde i full galopp og ropte:

”No får dø jaga på hestad`n dikkan, kara !.” Hallingane fulgde på. Men like før stupet kasta valdrisen fakkelen utfor, men bråsving sjølv til side i mørkret. Hallingane fulgde fakkelen utfor stupet og slo seg i hel alle saman.

Som prov på at det alltid er noko sant i slike sagn, vart det i 1850-60 åra funne hestesko og jarnspjot i steinura under stupet.
For mer informasjon se boka ”Sagn i Valdres” (2002). ( Jahn Børe Jahnsen)